Energi Norge

Innhold

Lågare skatt kan gi betre flaumvern

Foto: Kraftstasjon med mye vann

I regulerte vassdrag kan ein dempa flaumtoppane ved å tappa vatn i tida før kraftig nedbør, og samla vatnet i magasinet når det regner som verst. Foto: Eidsiva Energi

– Forsking viser at regulering av vassdrag har forhindra flaumar. Lågare skatt på vasskraft vil utløysa nye tiltak mot flaum i regulerte vassdrag, skriv Olav Osvoll, konserndirektør Produksjon i BKK.

Skrevet av Olav Osvoll, konserndirektør produksjon i BKK

Regulert vasskraft har ein fordel fordi vi kan bruka magasina som buffer til å dempa flaumtoppane. Med eit stadig villare og våtare klima treng vi rammevilkår som legg til rette for å utnytta denne bufferkapasiteten endå betre.

BKK har dei siste vekene gjort mange tiltak for å redusera flaum på Vestlandet. I forkant av den intense nedbøren kjørte vi kraftverka våre for fullt, og i fleire vassdrag tappa vi også ekstra vatn ut av magasina for å skaffa oss ein buffer.

Då nedbøren kom, kunne vi samla vatn i magasina for å dempa flaumtoppane i vassdraga. I uregulerte vassdrag vil flaumane kunna bli langt større fordi ein ikkje har magasin som buffer.

SINTEF Energi jobbar i regi av forskingssenteret HydroCen med å rekna ut den samfunnsøkonomiske verdien av flaumdempinga frå vasskraftmagasin. Dei har utført ein studie av elva Orkla i Trøndelag som viser at reguleringa har forhindra fleire store flaumar. SINTEF Energi jobbar no med å utvikla ein metodikk for å verdsetja skadar som blir unngått.

I DN (15.10) seier Espen Barth Eide (Ap) at han vil vurdera framtidig regulering av vassdraga, i lys av forsking som viser dobbelt så mykje flaum i framtida. Nestleiaren i miljø- og energikomiteen på Stortinget vil også sjå på skattlegging for vasskraft for å gi betre investeringsincentiv til flaumdempande tiltak. Dette er noko BKK også har tatt til orde for.

Vi snakkar her om å utnytta eksisterande anlegg endå betre til flaumdemping, og i tillegg kan vi produsera meir fornybar energi utan nye inngrep i naturen. Det er ein vinn-vinn-situasjon, men rammevilkåra må endrast for at det skal bli lønsamt å realisera slike investeringar.

Det må ekspertutvalet for vasskraft ta med seg når dei no ser på ein framtidig skattemodell for vasskraft.

Lurer du på noe? Kontakt oss gjerne: