Energi Norge

Innhold

Lederpraten: Hermann Skromme

Nyhet, Medlemskap og fordeler

Publisert

Mann i t-skjorte forran skilt. foto

Hermann Skromme kjem frå ein fjellgard i Åkrafjorden og er dagleg leiar i Kvinnherad Energi. Foto: Mona Grønningen / Kvinnheringen.no

Hermann Skromme (32) har gått frå å vere lærling i Statnett og energimontør i Kvinnherad Energi, til nyleg å bli dagleg leiar i same selskap. No jobbar han mykje med fusjonsprosessen med BKK, samtidig som han held på med en masteroppgåve.

På sine 32 år har Skromme fått til imponerande mykje og det er grunn til å lure på korleis han får tid til alt. Etter fleire år som energimontør og ingeniør i Kvinnherad Energi ble han 1. april i år tilset som dagleg leiar i selskapet som driv med straumnett, kraftproduksjon og straumsal.

I dette intervjuet blir du betre kjent med den framgangsrike leiaren.

Hermann Skromme

Stilling: Dagleg leiar i Kvinnherad Energi.

Bakgrunn: Lærling i Statnett frå 2006-2009. Jobba som energimontør i Kvinnherad Energi frå 2009 til 2013, då jekk han over i en ingeniørstilling og tok ingeniørstudier på deltid ved sidan av jobb. Driv fortida på med masteroppgåve innan Elkraft på NTNU. Tilsett som dagleg leiar i Kvinnherad Energi frå 1. april 2019.

1. Hva opptar ditt selskap mest for tiden?

Kvinnherad Energi er fortida inne i ein fusjonsprosess med BKK. Nett og straumsal skal inn i BKK, mens kraftproduksjon skal ligge att i Kvinnherad Energi. Samtidig er me og inni eit veldig travelt år med utbygging til fire ferjekaiar som skal elektrifiserast. Totalt skal det investerast mellom 50-60 millionar i nettoppgraderingar på grunn av ferjelading.

2. Hva er den største utfordringen fornybarnæringen står overfor?

Å nå målet om reduksjon i bruken av fossile energikjelder er ei felles utfordring vi alle står ovanfor i dag. Produksjonen og effektiviteten av allereie etablert fornybar energiproduksjon må aukast, og i tillegg må vi fortsette utviklinga av alternative fornybare energikjelder. Ein må og finna løysingar for å kunna lagra og transportera fornybar kraft. Hydrogen kan ver ei viktig brikka her.

Les mer om Kvinnherad Energi her

3. Hva er du mest stolt av å ha fått til de siste årene?

Eg er stolt av å leia ei bedrift som Kvinnherad Energi med dyktige medarbeidar som brenn for å halda kraftforsyninga oppe 24/7. Er og stolt over å ha fått til ein god fusjonsprosess med BKK.

4. Hvordan ser kraftmarkedet ut om 10 år?

Etterspurnaden etter grøn energi aukar, og vil forsetta å auka i framtida. Eg trur og kraftprisane vil svinga meir gjennom døgnet enn dei gjer i dag. Regulerbar kraft som vasskraft vil bli meir verd dess meir uregulert kraft det kjem i marknaden.

Tre kjappe

Din favoritthobby? 

Jakt og skyting.

Beste boken du har lest? 

Les stort sett kun jaktblad.

Ditt største forbilde? 

Skal eg nevna ein person, så må det bli tidlegare dagleg leiar i Kvinnherad Energi, Hans Martin Hjelmeland. Han var ein utrulig omgjengelig og dyktig leiar. Hans Martin døyde dessverre av kreft jula 2017.

5. Hvorfor er dere medlem i Energi Norge?

Energi Norge har mange interessante og nyttige kurs for energibransjen, samt at det er eit viktig talerøyr inn mot myndigheitene.

6. Hva ville du gjort hvis du var energiminister for en dag?

Begrensa kva eg hadde klart å fått utav ein dag, men eg ville slått eit slag for bedre informasjon om kjernekraft. Når ei ser på antall dødsfall pr. TWh kjem kjernekraft mykje betre ut enn både kol og gass. Kjernekraft tar omtrent same antall liv som vind- og vasskraft, og har ingen utslipp av CO2. Eg meiner ein må begynna i rett ende og fasa ut kol- og gasskraft først.

Lurer du på noe? Kontakt oss gjerne: