Innhold

Energi Norges standardvilkår for nettleige og tilknyting for næringskundar

Energi Norges standardvilkår for nettleige og tilknyting for næringskundar. Oppdatert 2020. (Nynorsk)

Desse standardvilkåra er berekna til bruk ved tilknyting og levering av nettenester til næringskundar, dvs. kundar som ikkje er forbrukar i samsvar med definisjonen i § 1 i lov om forbrukarkjøp (LOV-2002-06-21-34). Behovet for oppdaterte vilkår er først og fremst utløyst av endringar i ei rekkje forskrifter, gjevne av styresmaktene ved Olje- og energidepartementet (OED), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og Justervesenet.

Denne avtala er tilpassa små og mellomstore kundar og dekkjer dei aller fleste næringskundar. For kundar med stort forbruk eller spesielle behov, ynske og krav (eks. industri, ferjer mv.) kan "Nettleige- og Tilknytingskontrakt for større uttakskundar" nyttast. Det er Nettselskapet som bestemmer kva avtale som skal nyttast. Val av avtale kan klagast inn til RME.

Standardvilkåra gjeld mellom Nettselskap og Kunde frå det tidspunktet dei vert kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 16 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra). Standardvilkåra består av to delar/avtaler:

Nettleigevilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og Kunden.

Tilknytingsvilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som skal knytast til eller er knytt til overføringsnettet.

For næringskundar er Anleggseigar og Kunde ofte same selskap, med mindre det leiger. Enkelte omgrep er forklarte nærare i ei eiga definisjonsliste som er lagd ved bakarst. For både nettleigevilkåra og tilknytingsvilkår gjeld følgjande definisjon av aktørar: