Avtale: Standardkontrakt Nettleige og tilknytning for forbrukar.

Energi Norges standardvilkår for nettleige og tilknyting for forbrukar. Oppdatert 2020. (Nynorsk)

Desse standardvilkåra er berekna til bruk ved tilknyting og levering av nettenester til forbrukarar (hushald/fritidsbustader) i samsvar med definisjonen av forbrukar i forbrukarkjøpslova. Standardvilkåra av 2020 avløyser den tidlegare standardavtala av 2007. Behovet for oppdaterte vilkår er først og fremst utløyst av endringar i ei rekkje forskrifter, gjevne av styresmaktene ved Olje- og energidepartementet (OED), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og Justervesenet.

Desse standardvilkåra gjeld mellom Nettselskap og Kunde frå det tidspunktet dei er kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 17 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra). Standardvilkåra består av to delar/avtaler:

  • Nettleigevilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og Kunden.
  • Tilknytingsvilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som skal knytast til eller er knytt til overføringsnettet.

For forbrukarar/hushaldskundar er Anleggseigar og Kunde ofte same person, med mindre det eksisterer eit leigeforhold. Enkelte omgrep er forklarte nærare i ei eiga definisjonsliste som er lagd ved bakarst. For både nettleigevilkår og tilknytingsvilkår gjeld følgjande definisjon av aktørar:

Nettselskap

Selskap som har områdekonsesjon etter energilova § 3-2 og eig det elektriske nettet (overføringsnettet) som anlegget til nettkunden er knytt til.

Kunde

Forbrukar som får elektrisk energi hovudsakleg til hushald/fritidsbustad via overføringsnettet til Nettselskapet (regionalt og/eller lokalt distribusjonsnett)

Anleggseigar

Den juridiske eininga (selskap eller fysisk person) som eig eller brukar ein eigedom med elektriske installasjonar som er knytt til overføringsnettet til Nettselskapet

Elklagenemnda

Klageinstans for både nett- og tilknytingsvilkår, særleg knytt til privatrettslege reglar (f.eks. forbrukarkjøpslova)

Reguleringsmyndigheita for energi (RME)

Klageinstans for både nett- og tilknytingsvilkår knytt til offentlegrettslege krav som følgjer av energilova med forskrifter.

Lurer du på noe? Kontakt meg gjerne: